Hopp til innhold

Maritim pensjonskasse

Fartstidsbasert ordning

Har du arbeidd på norske skip eller flyttbare riggar, vil du kunne ha rett til ein tidleg alderspensjon for arbeidstakarar til sjøs i perioden mellom 60 og 67 år. For å få rett til pensjon må du som hovudregel ha minst 150 betalte fartsmånader til sjøs.

 

Innbetaling av premie for kvar fartsmånad til sjøs

Både du og arbeidsgivaren din betaler inn pensjonspremie. Begge delar er bidrag til pensjonen din. Arbeidsgivarpremien utgjer 3,3 prosent av bruttoinntekta di, mens storleiken på premien din som arbeidstakar avheng av kva stilling/lønsnivå du har, og kor mange dagar du arbeider per månad. Arbeidstakarpremien blir endra kvart år som følge av reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda. Arbeidsgivaren din er ansvarleg for at riktig arbeidstakarpremie blir trekt av løna og betalt inn til oss.

 

Krav om 150 fartsmånader (12,5 år) for rett til pensjon

Du må normalt ha minst 150 fartsmånader til sjøs for å få rett til pensjon. Dersom du har mellom 12 og 149 fartsmånader, kan tenestetid i følgjande ordningar telje med for å nå kravet om 150 fartsmånader for rett til pensjon:

  • pensjonstrygda for fiskarar
  • offentleg tenestepensjonsordningar om bord på skip (SPK eller KLP)
  • vernepliktsteneste avslutta før 1981 dersom avteninga tok til innan 6 månader etter utløpet av pensjonsgivande teneste eller maritim skolegang
  • tenestetid på øvrige EU/EØS-lands skip
  • Tenestetid i desse ordningane tel likevel ikkje med når det gjeld utrekning av storleiken på pensjonen.

 

Pensjonsalder

Du har rett til pensjon frå 60 år dersom du har tent opp minst 120 fartsmånader etter at du fylte 40 år. Pensjonsalderen aukar med ein månad for kvar annan månad du manglar på å ha tent opp 120 månader etter fylte 40 år. Dersom du ikkje har noko fartstid etter 40 år, blir pensjonsalderen 65 år.

 

Krav om å ha slutta i sjøtenesta

For å ha rett til pensjon før fylte 62 år må du ha slutta å arbeide til sjøs. Du kan heller ikkje arbeide på utanlandske skip. Tilsettingsforholdet må vere avslutta, og du kan ikkje ta imot løn, feriepengar, fritidskompensasjon eller sjukepengar frå folketrygda for sjukdom som har inntreft i den pensjonsgivande perioden. Vi godtar likevel vikariat til sjøs i inntil tre månader i løpet av ein 12 månaders periode. Etter at du har fylt 62 år, gjeld ingen slike avgrensingar i retten til å få pensjon. Du kan da arbeide så mykje du ønsker til sjøs utan at du mistar retten til pensjon.

 

Utrekning av pensjon

Den årlege pensjonsutbetalinga di blir utrekna ved å gonge talet på pensjonsgivande fartsmånader med dei pensjonssatsane som gjeld på det tidspunktet du tar ut pensjon.  Det er ulike pensjonssatsar for fartstid opptent som overordna eller underordna.  Det blir utrekna pensjon for maks 360 fartsmånader.

 

Eingongsutbetaling

Dersom du ikkje har nok fartsmånader for rett til pensjon, kan du på visse vilkår få rett til ei eingongsutbetaling dersom du har mellom 36 og 149 betalte fartsmånader. Det er eit vilkår at du har nådd pensjonsalderen din, at du ikkje tar imot 100 prosent uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller offentleg AFP frå folketrygda (NY LOV), og at du har slutta å tene opp pensjonsgivande fartstid. Eingongsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon som blir rekna ut på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadene du har tent opp hos oss.

 

Inntektsprøvd pensjonstillegg

Du kan ha rett til eit tillegg til pensjonen dersom du har tent opp minst tre år med pensjonsgivande fartstid i løpet av dei fem siste åra før du tar ut pensjon. For å få tillegget må den pensjonsgivande inntekta di ved sida av pensjonen vere under to gonger grunnbeløpet i folketrygda. For deg som er fødd i perioden 1955—1959, utgjer dette tillegget 8 prosent av bruttopensjonen din. For deg som er fødd mellom 1960 og 1964, utgjer tillegget 5 prosent av bruttopensjonen din.

 

Stans i pensjon

Pensjonen stansar ved fylte 67 år, eller frå det tidspunktet du tar imot arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uførepensjon eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon frå folketrygda (AFP).

Nytt regelverk offentlig AFP

 

Pensjon mellom 55 og 67 år

Dersom summen av alderen din og fartstida di utgjer 80 år eller meir, og du har slutta å jobbe til sjøs, kan du søke om pensjon inntil fem år før fylte 60 år. Pensjonen blir sett ned med 0,7 prosent for kvar månad du tar ut pensjon før du har fylt 60 år. Dersom du for eksempel tar ut pensjon når du er 55 år, vil pensjonen din bli redusert med 42 prosent. Denne reduksjonen varer så lenge du tar imot pensjon frå oss. Du vil heller ikkje ha krav på pensjonstillegg frå oss dersom du tar ut redusert pensjon.

Du kan ikkje søke om å få redusert pensjon lenger tilbake enn tre månader frå søknadstidspunktet. Det er ein føresetnad for å få redusert pensjon at du har minst 120 fartsmånader etter fylte 40 år.

Det er ikkje høve til å ta vikariat mens ein tar imot redusert pensjon.

Les heile lova på lovdata.no.

Du kan også lese om pensjonsordninga i brosjyren vår:

Bokmål – Pensjonsordningen for arbeidstakere til sjøs

Nynorsk- Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs

English- Pension scheme for seagoing personnel

 

Søk om pensjon

Du kan søke om pensjon ved å logge deg inn i medlemsportalen og velje fanen «søk om pensjon». For å logge inn i medlemsportalen klikk her.

 

Spørsmål og svar

  • Fartstid

    Det finst fleire typar samording:

    Positiv samordning betyr at tenestetid frå ulike pensjonsordningar kan leggjast saman for å få rett til pensjon.

    Om du har minst 12 månader fartstid i MPK, kan du i tillegg bruka tenestetid frå:

    • Garantikassa for fiskarar
    • Tjeneste på norske statlege skip
    • Tjeneste på skip frå EU/EØS-land

     

    Fartstida frå desse kan leggjast saman for å nå kravet på 150 månader som gir pensjonsrett. Pensjonen blir berekna ut frå dei månadene du har tent opp i MPK. Denne «hjelpetida» kan berre brukast når du tilsaman oppnår minst 150 mnd.

    Negativ samordning betyr at pensjonen kan bli redusert eller falla bort.

    Viss pensjon frå MPK og ei anna tenestepensjonsordning saman overstig maksgrensa for ein full pensjon, vil det gjerast eit frådrag. Dette frådraget blir teke frå den siste ordninga du har tent opp pensjon i.

     

    Offentleg AFP

    Om du er fødd før 1963 og får offentleg AFP før du fyller 65 år, blir pensjonen frå MPK redusert eller stansa. Når du fyller 65 år, får du pensjon frå MPK som vanleg igjen. Eventuell samordning blir då gjord av dei som administrerer offentleg AFP.

    Om du er fødd i 1963 eller seinare, blir det inga samordning mellom pensjon frå MPK og offentleg AFP (Nytt regelverk frå 2025).

     

    Privat pensjon

    Du kan ta ut privat pensjon utan at det påverkar pensjonen du får frå MPK. NB: om du tek ut MPK-pensjon før du fyller 62 år, kan det ha noko å seia for om du har rett til AFP i privat sektor, og for offentleg AFP om du er fødd i 1963 eller seinare.

    Me tilrår at du tek kontakt med leverandøren av AFP-en din for å sjå om det vil påverka denne.

     

    Alderspensjon frå folketrygda

    Det er inga samordning mellom MPK og alderspensjon frå folketrygda. Det betyr at du frå 62 år kan ta ut både MPK og alderspensjon utan at noko blir trekt frå.

  • Fartstid

    Pensjonen din blir berekna ut frå kor mange månader du har tent opp fartstid, med maksimalt 360 månader. Ulike satsar gjeld for overordna og underordna, og det skilst mellom opptening før og etter 1. mai 1993.

    Pensjonssatsane er knytt til grunnbeløpet (G) i folketrygda.

    Frå 1. mai 2022 blir pensjonen regulert etter eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten. Dette er i tråd med dei nye reguleringsføresegnene frå 2022.

  • Fartstid

    Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden du fyller 67 år (fartstidsbasert). Utbetalinga vil også bli stoppa dersom du får innvilga 100% uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller offentleg AFP. 

    Nye regler offentlig AFP

     

  • Fartstid

    Du søker på same måte som du søker om pensjon.

    Du må søke før du fyller 67, for å ikkje miste retten til tilbakebetaling av premie.

    Tilbakebetalingsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon rekna på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadane som er opptent.

     

  • Fartstid

    Du kan ha rett til å få betalt tilbake pensjonspremie

    Har du mellom 36 og 149 månader med pensjonsgivande fartstid, kan du få betalt tilbake delar av innbetalt premie når du når pensjonsalderen.

    Du har ikkje rett til tilbakebetaling om du:

    • får 100 prosent uføretrygd
    • får arbeidsavklaringspengar
    • får offentleg AFP frå folketrygda ved pensjonsalder – Se: Nye regler offentlig AFP

    For å få betalt tilbake premie, må du også ha slutta å tena opp pensjonsgivande fartstid.

     

  • Fartstid – For deg som vil ta ut pensjon mellom 60 og 62 år:

    For å ta ut pensjonen mellom 60 og 62 år, må du ha slutta å jobbe fast til sjøs. Likevel kan du ta korte vikariat på båt, så lenge det ikkje varer meir enn 3 månader til saman per år, rekna frå datoen pensjonen din byrjar. Du kan jobbe så mykje du vil på land og framleis få vanleg pensjon. Om du er fødd før 1965, kan du ha rett til eit pensjonstillegg som har inntektsgrense på 2G per år. (fartstidsbasert ordning)

  • Fartstid

    Mellom 60 og 67 år kan du få eit pensjonstillegg, hvis du oppfyllar desse krava (fartstidsbasert ordning):

    • Du må ha minst 36 månader med pensjonsgivande fartstid dei siste 60 månadene før du tek ut pensjon eller når pensjonsalderen din.
    • Det er berre fartstid det er betalt arbeidstakar- og arbeidsgivarpremie for, som tel med.
    • Du kan ikkje ha ei årleg pensjonsgivande inntekt som er høgare enn 2 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda.
    • Du får ikkje pensjonstillegget om du tek ut redusert pensjon før fylte 60 år, sjølv om du oppfyller dei andre krava.
  • Fartstid- og inntektsbasert

    Det kjem an på om du er helt eller delvis ufør. Du kan ikkje ha pensjon eller få engangsutbetaling samtidig med arbeidsavklaringspengar eller 100 prosent uføretrygd. Dersom du har delvis uføretrygd, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.

     

  • Fartstid

    Du kan ta ut redusert pensjon tidlegast frå fylte 55 år viss summen av alderen din og pensjonsgivande fartstid er minst 80 år.

    Pensjonen blir då redusert med 0,7 prosent for kvar månad du manglar på å ha fylt 60 år. Denne reduksjonen er varig.

    Du får ikkje pensjonstillegg om du tek ut redusert pensjon.

    Redusert pensjon kan heller ikkje bli utbetalt meir enn 3 månader tilbake i tid frå den datoen du søkjer.

    Om du har utsett pensjonsalder (det vil seia pensjonsalder etter 60 år), kan du ikkje få redusert pensjon.

    (Fartstidsbasert ordning)

     

    NB: Pensjonsuttak før fylte 60 fører til at du ikkje kan jobba på sjøen igjen og tena opp vidare pensjonsrett.

     

    Vikarreglane gjeld ikkje for dei med redusert pensjon. Dette gjeld også etter du har fylt 62  år. Årsaka til dette, er at redusert pensjon er ment for dei som har stått i yrket lenge, og som ikkje kan eller skal arbeide meir på sjøen.

     

  • Fartstid

    For deg som begynte sjøtenesta etter 1968, gjeld ein utsett pensjonsalder mellom 60 og 65 år, avhengig av kor mange månader som er opptent etter fylte 40 år.

     

    Fartstid etter 40 år Mulig uttaksalder
    120 måneder 60 år
    108 måneder 60 år og 6 måneder
    96 måneder 61 år
    72 måneder 62 år
    60 måneder 62 år og 6 måneder
    48 måneder 63 år
    24 måneder 64 år
    0 måneder 65 år

     

  • Fartstid

    Pensjonsalderen er 60 år for deg som har minst 120 fartsmånader (10 år) etter fylte 40 år. Før fylte 62 år er det føresett at du har avslutta tenesta til sjøs. Dersom du har mindre fartstid enn 120 månader etter fylte 40, vil pensjonsalderen din bli utsett med ein månad for kvar annan månad du manglar for å oppnå kravet om 120 fartsmånader etter 40 år. Dersom du ikkje har noko fartstid etter fylte 40, blir pensjonsalderen 65 år. (fartstidsbasert ordning)

  • Fartstid

    Nei, men vernepliktstid før 1981 kan telje med for å fylle minstevilkåret (150 månader) for rett til pensjon. Vernepliktstenesta må vere påbegynt innan seks månader etter utløpet av pensjonsgivande tidsrom eller maritim skolegang. (Fartstidsbasert ordning)

  • Dersom du jobbar på utanlandsk skip for norsk arbeidsgivar og bur i Noreg, er tida om bord pensjonsgivande. Det er også mogleg på visse vilkår å bli frivillig medlem i MPK.

  • Fartstid

    Du får ikkje pensjon, men tida på anna EØS-lands skip tel med ved spørsmål om minstevilkåret (150 månader for fartstidsbasert ordning eller 3 års oppteningstid for inntektsbasert ordning) for rett til pensjon er oppfylt. Spørsmål om du kan få pensjon frå heimlandet til skipet, vil vi ta opp med det aktuelle landet når det er lagt fram dokumentasjon på slik tid i samband med pensjonskravet ditt hit.

  • Fartstid

    Du må normalt ha minst 150 fartsmånader for å få rett til pensjon. Dersom du har mellom 12 og 149 fartsmånader, kan du bruke visse typar ekstern fartstid for å nå opp til minstekravet:

    • Fartstid frå Garantikassa for fiskarar
    • Tenestetid i anna offentleg tenestepensjonsordning (f.eks. Statens Pensjonskasse) som gjeld opptening på skip
    • Vernepliktsteneste avslutta før 1981 dersom avteninga tok til innan 6 månader etter utløpet av pensjonsgivande teneste eller maritim skolegang
    • Teneste på øvrige EU/EØS-lands skip etter føresegnene i EØS-avtalen

    Den eksterne fartstida di tel likevel ikkje med når det gjeld utrekning av storleiken på pensjonen.

  • Fartstid

    Det gis 10 prosent tillegg i pensjonen for hvert barn under 18 år som pensjonisten forsørger.

  • Fartstidsbasert ordning

    Ja, du må sjølv søke om pensjon. Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår. Dersom du har tent opp rettar frå oss, vil du få informasjon om rettane dine før du fyller 60 år. Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.

     

    Inntektsbasert ordning

    Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår, i medlemsportalen visest også pensjonsbehaldninga di. Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen betalt ut i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.

     

  • Fartstid

    Du søker på same måte som du søker om pensjon.

    Du må søke før du fyller 67, for å ikkje miste retten til tilbakebetaling av premie.

    Tilbakebetalingsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon rekna på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadane som er opptent.

     

  • Fartstid- og inntektsbasert

    Det kjem an på om du er helt eller delvis ufør. Du kan ikkje ha pensjon eller få engangsutbetaling samtidig med arbeidsavklaringspengar eller 100 prosent uføretrygd. Dersom du har delvis uføretrygd, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.

     

  • Nei. På fiske- og fangstfartøy over 100 bruttotonn er berre arbeidstakarar i sjømannsstillingar omfatta. Det gjeld ei eiga pensjonstrygd for fiskarar, som blir administrert av Garantikassa for fiskarar.

  • Pensjonskassen omfattar

    • norske statsborgarar
    • utlendingar med fast bustad i Noreg meld til folkeregisteret
    • statsborgarar frå andre EØS-land (tidlegast frå 1.1.94)
    • tredjelands statsborgarar busett i eit anna nordisk land (tidlegast frå 1.9.2004)

    som er arbeidstakarar på skip som går inn under trygda.

  • Fartstidsbasert:

    Du kan ta ut ordinær alderstrygd før 67 år utan at dette påverkar pensjonen din. Du kan ikkje ha pensjon saman med arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uføretrygd eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon (AFP). Dersom du har delvis uføretrygd eller offentleg AFP, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.

    Pensjonen din blir ikkje redusert ved uttak av privat AFP. Ver likevel merksam på at uttak av pensjon kan påverke retten din til privat AFP. Ver venleg og ta kontakt med ordninga som administrerer AFP-en din dersom du er usikker.

    Nytt regelverk offentlig AFP

     

    Inntektsbasert

    Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda utan at det påverkar pensjonen din frå oss. Det er heller inga samordning av pensjonen med andre tenestepensjonar som for eksempel fiskarpensjon, privat eller offentleg AFP.  Pensjonen fell bort dersom du tar imot 100 prosent uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dersom du har ei gradert uføreyting, vil du få ein tilsvarande redusert pensjon frå oss.

     

Relevante artikler

Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 9.00-14.30

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.