Appen «Ditt PTS» er avvikla
Appen «Ditt PTS» er no fjerna frå Apple App Store og frå Google *Play
Appen vil framleis vera synleg på telefonen din, men han vil ikkje ha dei nødvendige oppdateringane for optimal bruk. Me ber derfor om at du slettar appen.
Du finn same informasjonen i medlemsportalen via nettsidene våre mpk.no (innlogging bankid eller MinID)
På sikt ønskjer me å tilby medlemmene våre ein ny og forbetra app, men me har førebels ingen dato for når denne vil vera klar.
Hugs at du kan leggja til mpk.no som favoritt i nettlesaren eller på heimskjermen på mobilen, så har du enkel tilgang.
Ta gjerne kontakt med oss på telefon 22 35 89 00, om du treng rettleiing.


