Hopp til innhold
Norsk

Utsett pensjonsalder

Finn ut korleis fartstida di etter 40 år påverkar når du kan ta ut pensjon.

Medlemmer i Maritim pensjonskasse som er fødd før 1970 og har opptening før 1. januar 2020, er med i fartstidbasert ordning.

  • Personar som har færre enn 120 fartsmånader etter fylte 40 år, kan først ta ut pensjonen frå eit seinare tidspunkt. Dette kallar me utsett pensjonsalder.
  • Pensjonsalderen i fartstidbasert ordning er som hovudregel 60 år.
  • Eit vilkår for å få pensjon ved 60 år er at ein har slutta å arbeida på skip i ordninga.
  • For personar som byrja i teneste i 1969 eller seinare er det eit vilkår at ein har minst 120 pensjonsgivande fartsmånader (ti år) etter fylte 40 år for å kunna ta ut pensjon ved 60 år.

Reglane for utsett pensjonsalder er slik:

For kvar annan månad som manglar for å oppfylla kravet om 120 månader etter fylte 40 år, må pensjonsuttaket utsetjast med ein månad.

Nedanfor er nokre døme på korleis regelen slår ut:

 

Fartstid etter 40 år Mulig uttaksalder
120 måneder 60 år
108 måneder 60 år og 6 måneder
96 måneder 61 år
72 måneder 62 år
60 måneder 62 år og 6 måneder
48 måneder 63 år
24 måneder 64 år
0 måneder 65 år

 

FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.