Spørsmål og svar
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen utbetalt i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Ja, du må sjølv søke om pensjon. Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår. Dersom du har tent opp rettar frå oss, vil du få informasjon om rettane dine før du fyller 60 år. Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår, i medlemsportalen visest også pensjonsbehaldninga di. Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen betalt ut i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Du søker på same måte som du søker om pensjon.
Du må søke før du fyller 67, for å ikkje miste retten til tilbakebetaling av premie.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Tilbakebetalingsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon rekna på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadane som er opptent.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Du kan ha rett til å få betalt tilbake pensjonspremie
Har du mellom 36 og 149 månader med pensjonsgivande fartstid, kan du få betalt tilbake delar av innbetalt premie når du når pensjonsalderen.
Du har ikkje rett til tilbakebetaling om du:
- får 100 prosent uføretrygd
- får arbeidsavklaringspengar
- får offentleg AFP frå folketrygda ved pensjonsalder NB: Nye regler offentlig AFP
For å få betalt tilbake premie, må du også ha slutta å tena opp pensjonsgivande fartstid.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Pensjonen din blir berekna ut frå kor mange månader du har tent opp fartstid, med maksimalt 360 månader. Ulike satsar gjeld for overordna og underordna, og det skilst mellom opptening før og etter 1. mai 1993.
Pensjonssatsane er knytt til grunnbeløpet (G) i folketrygda.
Frå 1. mai 2022 blir pensjonen regulert etter eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten. Dette er i tråd med dei nye reguleringsføresegnene frå 2022.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Den årlege pensjonen din blir berekna ut frå det du har tjent opp i pensjonsbehaldninga di.
Du tener opp pensjon tilsvarande 6,3 prosent av den årlege bruttoinntekta du har til sjøs. Inntekta det blir rekna av, kan vera opptil 12 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda per år.
Når du tek ut pensjon, blir pensjonsbehaldninga delt på det talet år du vel å ta ut pensjon over. Du må minst ta ut pensjon i 7 år.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Det er eit vilkår at du har avslutta tenesta til sjøs dersom pensjonen blir tatt ut mellom 60 og 62 år, men du kan ta kortvarige vikariat med hyre i inntil 3 månader i året frå det tidspunktet pensjonen trer i kraft. Du kan tene så mykje du vil på land og ta imot ordinær pensjon
Etter fylte 62 år kan du tene så mykje du vil på sjø/land og samtidig ta imot ordinær pensjon.
Om du er fødd før 1965 og har lågare inntekt enn 2 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda, kan du ha rett til eit inntektsprøvd pensjonstillegg (gjeld all inntekt).
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Det er ingen krav om at du har slutta til sjøs. Du kan tene så mykje du vil ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta. Du kan også ta ut pensjon og samtidig tene opp ytterlegare pensjon ved vidare arbeid til sjøs fram til du fyller 70 år.
Berre aktuelt for deg som er fødd før 1965:
Mellom 60 og 67 år kan du få eit pensjonstillegg, hvis du oppfyllar desse krava:
- Du må ha minst 36 månader med pensjonsgivande fartstid dei siste 60 månadene før du tek ut pensjon eller når pensjonsalderen din.
- Det er berre fartstid det er betalt arbeidstakar- og arbeidsgivarpremie for, som tel med.
- Du kan ikkje ha ei årleg pensjonsgivande inntekt som er høgare enn 2 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda.
- Du får ikkje pensjonstillegget om du tek ut redusert pensjon før fylte 60 år, sjølv om du oppfyller dei andre krava.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Dette kjem an på om du er helt eller delvis ufør. Du kan ikkje ha pensjon eller få engangsutbetaling samtidig med arbeidsavklaringspengar eller 100 prosent uføretrygd. Dersom du har delvis uføretrygd, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Du får ikkje pensjon dersom du får 100 % uførepensjon eller arbeidsavklaringspengar (AAP) frå folketrygda i perioden mellom 62 og 67 år. Dersom du tar imot redusert uføretrygd eller AAP i perioden, skal avkortinga av pensjonsbehaldninga di bli redusert tilsvarande.
Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
- Du kan ta ut redusert pensjon tidlegast frå fylte 55 år viss summen av alderen din og pensjonsgivande fartstid er minst 80 år.
- Pensjonen blir då redusert med 0,7 prosent for kvar månad du manglar på å ha fylt 60 år. Denne reduksjonen er varig.
- Du får ikkje pensjonstillegg om du tek ut redusert pensjon.
- Redusert pensjon kan heller ikkje bli utbetalt meir enn 3 månader tilbake i tid frå den datoen du søkjer.
- Om du har utsett pensjonsalder (det vil seia pensjonsalder etter 60 år), så kan du ikkje nytta deg av tidleg uttak av pensjon.
NB: Pensjonsuttak før fylte 60 fører til at du ikkje kan jobba på sjøen igjen og tena opp vidare pensjonsrett.
Vikarreglane gjeld ikkje for dei med redusert pensjon. Dette gjeld også etter du har fylt 62 år. Årsaka til dette, er at redusert pensjon er ment for dei som har stått i yrket lenge, og som ikkje kan eller skal arbeide meir på sjøen.
Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
For deg som begynte sjøtenesta etter 1968, gjeld ein utsett pensjonsalder mellom 60 og 65 år, avhengig av kor mange månader som er opptent etter fylte 40 år.
Fartstid etter 40 år | Mulig uttaksalder |
120 måneder | 60 år |
108 måneder | 60 år og 6 måneder |
96 måneder | 61 år |
72 måneder | 62 år |
60 måneder | 62 år og 6 måneder |
48 måneder | 63 år |
24 måneder | 64 år |
0 måneder | 65 år |
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Pensjonsalderen er 60 år for deg som har minst 120 fartsmånader (10 år) etter fylte 40 år. Før fylte 62 år er det føresett at du har avslutta tenesta til sjøs. Dersom du har mindre fartstid enn 120 månader etter fylte 40, vil pensjonsalderen din bli utsett med ein månad for kvar annan månad du manglar for å oppnå kravet om 120 fartsmånader etter 40 år. Dersom du ikkje har noko fartstid etter fylte 40, blir pensjonsalderen 65 år.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Du kan starte uttak av pensjonen frå og med den månaden du fyller 62 år og til og med den månaden du fyller 70 år. Det vil seie at du fritt kan velje når du vil starte pensjonsuttaket i denne perioden.
Du får ikkje pensjon, men tida på anna EØS-lands skip tel med ved spørsmål om minstevilkåret (150 månader for fartstidsbasert ordning eller 3 års oppteningstid for inntektsbasert ordning) for rett til pensjon er oppfylt. Spørsmål om du kan få pensjon frå heimlandet til skipet, vil vi ta opp med det aktuelle landet når det er lagt fram dokumentasjon på slik tid i samband med pensjonskravet ditt hit.
Du må normalt ha minst 150 fartsmånader for å få rett til pensjon. Dersom du har mellom 12 og 149 fartsmånader, kan du bruke visse typar ekstern fartstid for å nå opp til minstekravet:
- Fartstid frå Garantikassa for fiskarar
- Tenestetid i anna offentleg tenestepensjonsordning (f.eks. Statens Pensjonskasse) som gjeld opptening på skip
- Vernepliktsteneste avslutta før 1981 dersom avteninga tok til innan 6 månader etter utløpet av pensjonsgivande teneste eller maritim skolegang
- Teneste på øvrige EU/EØS-lands skip etter føresegnene i EØS-avtalen
Den eksterne fartstida di tel likevel ikkje med når det gjeld utrekning av storleiken på pensjonen.
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Du kan ta ut ordinær alderstrygd før 67 år utan at dette påverkar pensjonen din. Du kan ikkje ha pensjon saman med arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uføretrygd eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon (AFP). Dersom du har delvis uføretrygd eller offentleg AFP, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.
Pensjonen din blir ikkje redusert ved uttak av privat AFP. Ver likevel merksam på at uttak av pensjon kan påverke retten din til privat AFP. Ver venleg og ta kontakt med ordninga som administrerer AFP-en din dersom du er usikker.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda utan at det påverkar pensjonen din frå oss. Det er heller inga samordning av pensjonen med andre tenestepensjonar som for eksempel fiskarpensjon, privat eller offentleg AFP. Pensjonen fell bort dersom du tar imot 100 prosent uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dersom du har ei gradert uføreyting, vil du få ein tilsvarande redusert pensjon frå oss.