Påverkar pensjon frå MPK uttak av offentleg AFP?
Dei som er fødd frå 1963 til og med 1969
- Då må du kontakte pensjonsordninga som skal utbetale AFP før du søkjer pensjon frå MPK.
Om du er fødd frå 1963 eller seinere, har ikkje MPK samordning med offentleg AFP. Likevel er det fleire ordningar som ikkje godtek at ein har fartstidsbasert pensjon frå MPK saman med livsvarig AFP.
For meir informasjon om vilkåra, må du kontakte pensjonsordninga som skal utbetale livsvarig AFP, før du søkjer pensjon frå MPK (Nytt regelverk frå 2025). Sjå meir her
Fødd før 1963:
Om du er fødd før 1963 og får offentleg AFP før du fyller 65 år, blir pensjonen frå MPK redusert eller stansa. Når du fyller 65 år, får du pensjon frå MPK som vanleg igjen. Eventuell samordning blir då gjord av dei som administrerer offentleg AFP.


