Kva krevst for å få tilbakebetaling av premie?
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Du kan ha rett til å få betalt tilbake pensjonspremie
Har du mellom 36 og 149 månader med pensjonsgivande fartstid, kan du få betalt tilbake delar av innbetalt premie når du når pensjonsalderen.
Du har ikkje rett til tilbakebetaling om du:
- får 100 prosent uføretrygd
- får arbeidsavklaringspengar
- får offentleg AFP frå folketrygda ved pensjonsalder NB: Nye regler offentlig AFP
For å få betalt tilbake premie, må du også ha slutta å tena opp pensjonsgivande fartstid.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Tilbakebetaling av premie gjeld ikkje i ny ordning. Dette fordi det blir gitt løpande pensjon etter tre års opptening.