Kan eg ta ut pensjon før fylte 60 år?
Berre aktuelt for deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
- Du kan ta ut redusert pensjon tidlegast frå fylte 55 år viss summen av alderen din og pensjonsgivande fartstid er minst 80 år.
- Pensjonen blir då redusert med 0,7 prosent for kvar månad du manglar på å ha fylt 60 år. Denne reduksjonen er varig.
- Du får ikkje pensjonstillegg om du tek ut redusert pensjon.
- Redusert pensjon kan heller ikkje bli utbetalt meir enn 3 månader tilbake i tid frå den datoen du søkjer.
- Om du har utsett pensjonsalder (det vil seia pensjonsalder etter 60 år), så kan du ikkje nytta deg av tidleg uttak av pensjon.
NB: Pensjonsuttak før fylte 60 fører til at du ikkje kan jobba på sjøen igjen og tena opp vidare pensjonsrett.
Vikarreglane gjeld ikkje for dei med redusert pensjon. Dette gjeld også etter du har fylt 62 år. Årsaka til dette, er at redusert pensjon er ment for dei som har stått i yrket lenge, og som ikkje kan eller skal arbeide meir på sjøen.