Korleis reknar ein ut pensjonen?
For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:
Pensjonen din blir berekna ut frå kor mange månader du har tent opp fartstid, med maksimalt 360 månader. Ulike satsar gjeld for overordna og underordna, og det skilst mellom opptening før og etter 1. mai 1993.
Pensjonssatsane er knytt til grunnbeløpet (G) i folketrygda.
Frå 1. mai 2022 blir pensjonen regulert etter eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten. Dette er i tråd med dei nye reguleringsføresegnene frå 2022.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:
Den årlege pensjonen din blir berekna ut frå det du har tjent opp i pensjonsbehaldninga di.
Du tener opp pensjon tilsvarande 6,3 prosent av den årlege bruttoinntekta du har til sjøs. Inntekta det blir rekna av, kan vera opptil 12 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda per år.
Når du tek ut pensjon, blir pensjonsbehaldninga delt på det talet år du vel å ta ut pensjon over. Du må minst ta ut pensjon i 7 år.