Kva krevst for å få tilbakebetaling av premie?
Fartstid
Du kan ha rett til å få betalt tilbake pensjonspremie
Har du mellom 36 og 149 månader med pensjonsgivande fartstid, kan du få betalt tilbake delar av innbetalt premie når du når pensjonsalderen.
Du har ikkje rett til tilbakebetaling om du:
- får 100 prosent uføretrygd
- får arbeidsavklaringspengar
- får offentleg AFP frå folketrygda ved pensjonsalder – Se: Nye regler offentlig AFP
For å få betalt tilbake premie, må du også ha slutta å tena opp pensjonsgivande fartstid.