Inntektsbasert ordning
Har du arbeidd på norske skip eller flyttbare riggar, kan du ha rett til alderspensjon for arbeidstakarar til sjøs frå 62 år. Er du i arbeid til sjøs, tener du opp pensjonsrettar i alle år fram til du er 70 år. Ved 3 års opptening får du rett til pensjon.
Innbetaling av premie
Både du og arbeidsgivaren din betaler inn pensjonspremie. Begge delar er bidrag til pensjonen din. Arbeidsgivarpremien utgjer 3,3 % av bruttoinntekta di, mens storleiken på arbeidstakarpremien din er 1,7 % av bruttoinntekta di om bord. Premien blir rekna kvar kalendermånad av maks 12 G (grunnbeløpet i folketrygda) av den årlege bruttoinntekta di om bord. Per 1. mai 2024 utgjer 12 G kr 1 488 336. Arbeidsgivaren din har ansvar for å utføre korrekt trekk av premie frå løna di og for å betale vidare til oss.
Krav om 3 års oppteningstid for rett til pensjon
Du må normalt ha minst 3 år med oppteningstid til sjøs for å få rett til pensjon. Tenestetid på andre EØS-lands skip tel med for å oppfylle 3 års kravet for rett til pensjon, men gir ikkje grunnlag for opptening av pensjon.
Pensjonsalder
Du kan starte uttak av pensjonen frå og med månaden du fyller 62 år og til og med den månaden du fyller 70 år. Det vil seie at du fritt kan velje når du vil starte pensjonsuttaket i denne perioden. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon, og du tener opp nye pensjonsrettar fram til du fyller 70 år.
Kor lenge kan du få utbetalt pensjon?
Du kan få utbetalt pensjon frå du fyller 62 år til fylte 80 år, men du kan ikkje velje kortare utbetalingsperiode enn 7 år. Når du først har vald utbetalingsperiode, kan den ikkje endrast.
Utbetalingsreglar
Pensjonen blir utbetalt tidlegast frå og med månaden etter at vedtaket om pensjon er gitt, og tidlegast frå og med månaden etter at du har fylt 62 år. Pensjonen blir utbetalt etterskotsvis den 20. i kvar månad.
Retten til pensjonsbehaldninga tar slutt når pensjonisten døyr.
Utrekning av pensjonen din
Den årlege pensjonen din reknast ut frå den opptente pensjonsbehaldninga di. Pensjonsbehaldninga di blir bygd opp ved å legge saman den årlege pensjonsoppteninga di. Årleg opptening utgjer 6,3 % av bruttoinntekta di om bord. Pensjonsbehaldninga di blir regulert årleg i samsvar med lønsveksten. Du får opptening for alle år om bord fram til du fyller 70 år.
Den årlege pensjonsutbetalinga di er den opptente pensjonsbehaldninga du har ved oppstart av pensjonsutbetalinga, fordelt på antalet år utbetalingsperioden skal vare.
For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare og har fartstid frå før ny pensjonsordning tredde i kraft, vil verdien av denne fartstida bli lagt saman med oppteninga di etter den nye pensjonsordninga frå 1. januar 2020.
Pensjon ved uføreytingar frå folketrygda
Dersom du i perioden mellom 62 og 67 år tar imot arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda etter ein uføregrad på 100 %, har du ikkje rett til pensjon frå MPK.
Dersom du i perioden mellom fylte 62 og 67 år tar imot arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda etter ein uføregrad på mindre enn 100 %, vil du ha rett til ein forholdsmessig del av pensjonen.
Pensjon ved andre ytingar eller arbeid
Du kan fritt arbeide samtidig som du tar imot pensjon, utan at pensjonen blir avkorta. Vidare arbeid til sjøs gir fortsett opptening i MPK fram til 70 år.
Det er heller inga samordning av pensjonen frå MPK med alderspensjon i folketrygda, privat og offentleg AFP eller andre pensjonsordningar.
Oppsummering:
- Du har rett til pensjon etter 36 månaders teneste.
- Den inntektsrelaterte ordninga gir deg fleksibilitet til å starta uttak av pensjon når som helst mellom 62 og 70 år.
- Utbetalingsperioden i den inntektsrelaterte ordninga er minst 7 år og maks 18 år (til du fyller 80 år).
- Den inntektsrelaterte ordninga lèt deg halda fram med å tena opp pensjonsrettar samtidig som du tek ut pensjon, fram til du fyller 70 år.
- Storleiken på pensjonsytinga avheng av lønnsnivået ditt i den inntektsrelaterte ordninga.
- Det blir ikkje gitt pensjonstillegg eller barnetillegg i den inntektsrelaterte ordninga.
- Du kan ta ut pensjon og arbeida samtidig utan at pensjonen blir redusert, og du kan halda fram med å tena opp pensjonsrettar frå arbeid til sjøs fram til du fyller 70 år.
Du kan også lese om pensjonsordninga i brosjyren vår:
Bokmål – Pensjonsordningen for arbeidstakere til sjøs
Nynorsk- Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs
English- Pension scheme for seagoing personnel
Spørsmål og svar
-
Inntektsbasert
kan starte uttak av pensjonen frå og med den månaden du fyller 62 år og til og med den månaden du fyller 70 år. Det vil seie at du fritt kan velje når du vil starte pensjonsuttaket i denne perioden.
-
Inntektsbasert
Det er ingen krav om at du har slutta til sjøs. Du kan tene så mykje du vil ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta. Du kan også ta ut pensjon og samtidig tene opp ytterlegare pensjon ved vidare arbeid til sjøs fram til du fyller 70 år.
-
Inntektsbasert
Den årlege pensjonen din blir berekna ut frå det du har tjent opp i pensjonsbehaldninga di.
Du tener opp pensjon tilsvarande 6,3 prosent av den årlege bruttoinntekta du har til sjøs. Inntekta det blir rekna av, kan vera opptil 12 gonger grunnbeløpet (G) i folketrygda per år.
Når du tek ut pensjon, blir pensjonsbehaldninga delt på det talet år du vel å ta ut pensjon over. Du må minst ta ut pensjon i 7 år.
-
Opptening for dei som har «Inntektsbasert ordning med fartstid».
Dette gjeld dei som har tent opp fartstid før 01.01.2020, men er fødde frå og med 01.01.1970
Regelverket til inntektsbasert ordning er gjeldande og fartstida frå før 2020 blir konvertert til pensjonsbehaldning når ein tek ut pensjonen (tidlegast ved 62 år).Pensjonskalkulatoren som ligg i medlemsportalen mpk.no (innlogga) viser kor mykje pensjonen vil bli etter konverteringa av fartstida.
-
Fartstidsbasert ordning
Ja, du må sjølv søke om pensjon. Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår. Dersom du har tent opp rettar frå oss, vil du få informasjon om rettane dine før du fyller 60 år. Du kan miste rettane dine om du ikkje søker. Pensjon kan maksimalt bli betalt tilbake for tre år.
Inntektsbasert ordning
Du kan søke om pensjon via medlemsportalen på nettsida vår, i medlemsportalen visest også pensjonsbehaldninga di. Dersom du ikkje har søkt om pensjon innan du fyller 70 år, blir pensjonen betalt ut i 7 år frå og med den månaden du har fylt 70 år.
-
Fartstid
Du søker på same måte som du søker om pensjon.
Du må søke før du fyller 67, for å ikkje miste retten til tilbakebetaling av premie.
Tilbakebetalingsbeløpet utgjer 2/3 av ein årspensjon rekna på grunnlag av dei pensjonsgivande fartsmånadane som er opptent.
-
Fartstid- og inntektsbasert
Det kjem an på om du er helt eller delvis ufør. Du kan ikkje ha pensjon eller få engangsutbetaling samtidig med arbeidsavklaringspengar eller 100 prosent uføretrygd. Dersom du har delvis uføretrygd, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.
-
Nei. På fiske- og fangstfartøy over 100 bruttotonn er berre arbeidstakarar i sjømannsstillingar omfatta. Det gjeld ei eiga pensjonstrygd for fiskarar, som blir administrert av Garantikassa for fiskarar.
-
Pensjonskassen omfattar
- norske statsborgarar
- utlendingar med fast bustad i Noreg meld til folkeregisteret
- statsborgarar frå andre EØS-land (tidlegast frå 1.1.94)
- tredjelands statsborgarar busett i eit anna nordisk land (tidlegast frå 1.9.2004)
som er arbeidstakarar på skip som går inn under trygda.
-
Fartstidsbasert:
Du kan ta ut ordinær alderstrygd før 67 år utan at dette påverkar pensjonen din. Du kan ikkje ha pensjon saman med arbeidsavklaringspengar, 100 prosent uføretrygd eller 100 prosent offentleg avtalefesta pensjon (AFP). Dersom du har delvis uføretrygd eller offentleg AFP, vil utbetalinga bli redusert i motsvarande grad.
Pensjonen din blir ikkje redusert ved uttak av privat AFP. Ver likevel merksam på at uttak av pensjon kan påverke retten din til privat AFP. Ver venleg og ta kontakt med ordninga som administrerer AFP-en din dersom du er usikker.
Inntektsbasert
Du kan ta ut alderspensjon frå folketrygda utan at det påverkar pensjonen din frå oss. Det er heller inga samordning av pensjonen med andre tenestepensjonar som for eksempel fiskarpensjon, privat eller offentleg AFP. Pensjonen fell bort dersom du tar imot 100 prosent uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dersom du har ei gradert uføreyting, vil du få ein tilsvarande redusert pensjon frå oss.