Hopp til innhold

Maritim pensjonskasse

Samordning av pensjon?

Fartstid

Det finst fleire typar samording:

Positiv samordning betyr at tenestetid frå ulike pensjonsordningar kan leggjast saman for å få rett til pensjon.

Om du har minst 12 månader fartstid i MPK, kan du i tillegg bruka tenestetid frå:

  • Garantikassa for fiskarar
  • Tjeneste på norske statlege skip
  • Tjeneste på skip frå EU/EØS-land

 

Fartstida frå desse kan leggjast saman for å nå kravet på 150 månader som gir pensjonsrett. Pensjonen blir berekna ut frå dei månadene du har tent opp i MPK. Denne «hjelpetida» kan berre brukast når du tilsaman oppnår minst 150 mnd.

Negativ samordning betyr at pensjonen kan bli redusert eller falla bort.

Viss pensjon frå MPK og ei anna tenestepensjonsordning saman overstig maksgrensa for ein full pensjon, vil det gjerast eit frådrag. Dette frådraget blir teke frå den siste ordninga du har tent opp pensjon i.

 

Offentleg AFP

Om du er fødd før 1963 og får offentleg AFP før du fyller 65 år, blir pensjonen frå MPK redusert eller stansa. Når du fyller 65 år, får du pensjon frå MPK som vanleg igjen. Eventuell samordning blir då gjord av dei som administrerer offentleg AFP.

Om du er fødd i 1963 eller seinare, blir det inga samordning mellom pensjon frå MPK og offentleg AFP (Nytt regelverk frå 2025).

 

Privat pensjon

Du kan ta ut privat pensjon utan at det påverkar pensjonen du får frå MPK. NB: om du tek ut MPK-pensjon før du fyller 62 år, kan det ha noko å seia for om du har rett til AFP i privat sektor, og for offentleg AFP om du er fødd i 1963 eller seinare.

Me tilrår at du tek kontakt med leverandøren av AFP-en din for å sjå om det vil påverka denne.

 

Alderspensjon frå folketrygda

Det er inga samordning mellom MPK og alderspensjon frå folketrygda. Det betyr at du frå 62 år kan ta ut både MPK og alderspensjon utan at noko blir trekt frå.

FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 9.00-14.30

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.