Hopp til innhold
Norsk

Får eg pensjon dersom eg er/blir ufør?

For deg som er fødd før 1970 og har fartstid:

Dette kjem an på om du er heilt eller delvis ufør. Det blir ikkje betalt ut pensjon dersom du ved oppnådd pensjonsalder har fulle ytingar som ufør etter regelverket til folketrygda, eller som AFP-pensjonist. Dei same reglane gjeld for tilbakebetaling av premie. Du treng da ikkje søke om pensjon eller tilbakebetaling av premie. Har du ei redusert yting frå folketrygda eller som AFP-pensjonist, får du ein forholdsmessig del av pensjonen.

 

For deg som er fødd 1. januar 1970 eller seinare, eller har begynt til sjøs første gong etter 1. januar 2020:

Du får ikkje pensjon dersom du får 100 % uførepensjon eller arbeidsavklaringspengar (AAP) frå folketrygda i perioden mellom 62 og 67 år. Dersom du tar imot redusert uføretrygd eller AAP i perioden, skal avkortinga av pensjonsbehaldninga di bli redusert tilsvarande.

 

FacebookTwitterLinkedIn
Chat med oss

Du er velkommen til å chatte med en av våre rådgivere mandag til fredag i åpningstiden kl. 8.00-15.45
(i perioden 15 mai – 14 september kl. 8.00-15.00).

For å komme i gang må du logge deg på medlems– eller arbeidsgiverportalen.