Kontroll mot det maritime aa registeret
Me har starta opp kontrollen mot det maritime aa-registeret for 2020. Me kontrollerer kven de som arbeidsgivar har rapportert inn i det maritime aa-registeret og om dei også er rapporterte inn til oss for same periode. Er dei ikkje det, og me ikkje kan sjå kvifor, så har de teke imot ei melding frå oss i arbeidsgivarportalen. Denne meldinga inneheld ei liste over dei som ikkje er rapporterte inn til oss. Ver vennleg og sjå over lista innan fristen og gi beskjed til oss om kvifor dei ikkje er rapporterte inn. Om dei skulle vore rapporterte inn må de retta opp i dette og gi beskjed når de har levert dei inn.
Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom de er usikre på noko.