Ny funksjonalitet i arbeidsgivarportalen for etterregistrering meir enn 12 mnd tilbake i tid
De kan no sjølv etterregistrera fartstid/pensjonsbehaldning meir enn 12 månader tilbake i tid. Dette blir gjort ved å endra premieoppgåva som vanleg ved å velja «endra premieoppgåve», i arbeidsgivarportalen. Ved levering av oppgåva vel de «til godkjenning». Endra inntekt blir automatisk KPI justert, og satsane for arbeidstakarpremien utgjer dagens satsar.
Dersom de skal kreditera beløp ved å ta bort inntekt, dagar, medlem eller endra frå gruppe 1 til gruppe 2 må ein av saksbehandlarane våre godkjenna oppgåva etter at de har sendt den inn. I samband med dette sender de dokumentasjon til oss som inneheld årsak til krediteringa, talet på medlemmer det gjeld, kva termin/år og at det er gjort i samsvar med reglane om medlemskap i lov om pensjonsordning for arbeidstakarar til sjøs. De må også stadfesta at medlemmen har vorte orientert om at fartstida/pensjonsbehaldninga blir redusert. Det kan ikkje krediterast for lenger tid tilbake enn tre år (jf alm foreldingsfrist i foreldingslova § 2).