Ny funksjonalitet i arbeidsgivarportalen
Me ønskjer å gjera brukaropplevinga for kundane og medlemmene våre så enkel som mogleg, og som følgje av tilbakemeldingar frå kundane våre har me gjort eit par forbetringar i arbeidsgivarportalen:
Det har vorte enklare å finna fram til kva premieoppgåve ein medlem tilhøyrer, dersom det skulle vera behov for å gjera endringar. Dette blir gjort ved å søkja opp medlemmen via «søk tilsette» i portalen. Når de deretter klikkar på namnet til medlemmen kjem dykk til sida for fartstidopplysningar, der de vel alternativet «Terminoversikt (med link til premieoppgåver)», dette vil føra dykk direkte til premieoppgåva(e) som medlemmen er registrert i.
Grensa på 1/2 G for refusjonsbeløpet frå NAV er fjerna i premieoppgåvebiletet. De kan no leggja inn det beløpet de har behov for, men ikkje høgare enn inntektsbeløpet i same månad.