Hopp til innhold

Maritim pensjonskasse

Pensjonstillegget

Pensjonstillegget er ei mellombels ordning som vart innført i år 2000. Siste fødselskull som kan få pensjonstillegget, er personar som er fødde i 1964.

  • Det er eit inntektsprøvd tillegg til den ordinære pensjonen mellom 60 og 67 år
  • Det er eit vilkår for å få tillegget at du har tent opp minst 36 fartsmånader (3 år) dei siste 60 månadene (5 år) før pensjonen blir teken ut.
  • Vidare er det eit vilkår at du har ei årleg pensjonsgivande inntekt som ikkje overstig to gonger grunnbeløpet i folketrygda (248 056 frå mai 2024).
  • Gjeld fartstidbestemd ordning.

Grunngivinga for ordninga var å gi ein høgare pensjon til arbeidstakarar på sjøen som stod i yrket fram til pensjonsalderen, og som dermed ofte ikkje ville ha andre inntekter enn pensjonen å leva av. Innføringa av pensjonstillegget vart sett i samanheng med at store delar av næringa hadde innført supplerande tariffesta pensjonsordningar som ville gi full pensjon først etter 30 år. Ordninga er derfor mellombels, og tillegget blir gradvis trappa ned parallelt med at det blir bygd opp tariffesta pensjonar i næringa.

FacebookTwitterLinkedIn