Pensjonstillegget i 2026 – Husk å sjekke forventet inntekt
Om du er fødd mellom 1959 – 1964 kan du ha rett på eit pensjonstillegg. Pensjonstillegget varierer med bakgrunn i kva år du er fødd, og blir berekna ut frå ein prosentdel av den løpande pensjonen din.
For å få inntektsprøvd pensjonstillegg for 2026, kan du ikkje tena meir enn 260.320 kroner (to gonger grunnbeløpet i folketrygda) i løpet av 2026. Med inntekt siktar ein til pensjonsgivande inntekt, og gjeld inntekt frå arbeid både på land og på sjøen.
Logg inn i medlemsportalen på www.mpk.no og gå til fanen «Inntekt og pensjonstillegg». Kontroller at statusen for forventa årsinntekt for 2026 er korrekt.
Om du endrar eigenerklæring om forventa pensjonsgivande inntekt i medlemsportalen før 2. januar 2026, får endringa verknad for utbetalinga allereie i januar 2026.
Dersom du ikkje endrar eigenerklæringa om forventa pensjonsgivande inntekt, blir den eigenerklæringa vidareført du gav for 2025. Er du usikker på kva inntekta di i 2026 vil bli, kan du venta med å registrera eigenerklæring til du veit kva inntekta blir. Du vil då få etterbetalt pensjonstillegget frå byrjinga av året.


